Lom stavkyrkje

 
Lom stavkyrkje. Foto Michael Schreier (1).jpg

Ei av dei største stavkyrkjene i Noreg

Lom stavkyrkje er datert til 1158, og skillar seg ut med dei utskårne drakehovuda.

Turen frå Norsk fjellsenter til Lom stavkyrkje er knappe hundre meter. Kanksje er det nett nok for deg og ditt turfølje? Frå midten av mai til midten av september, er kyrkja ope for turistar.

Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja. Det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen. Originalane er utstilt i stavkyrkjeutstillinga like ved stavkyrkja.

Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling måleri frå 1700-talet, donert til kyrkja av velståande bønder i bygda. Dei rikaste kyrkjegjengarane hadde eigne benker i kyrkja. Bakarst bak eit gitter av tre, satt tjuvar og andre kriminelle som var under omsorga til lensammannen. Kyrkja har rikeleg med treskjeringar i akantusskurd. Kyrkja har vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor etter. Då kyrkja vart restaurert fyrst på 1970-talet, vart det gjort fleire interessante funn av pilegrimsmerke, runestavar, pergamentdokument og heile 2245 historiske myntar.

Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom og er stengd for turistar under kyrkjelege seremoniar.

Her finn du opningstider og kontaktinformasjon til Lom stavkyrkje