Back to All Events

Skoggrensa i endring

Mange har sett korleis skoggrensa trekker seg oppover og korleis vegetasjonen endrar seg i fjellet. Anders Bryn forskar på nettopp dette, og kjem til fjellsenteret 21. mars. Han vil også trekke linjene til tidlegare skoggrenser og variasjonar sidan den siste istida, attgroing og klimaendringar. 

Anders Bryn vart i 2016 kåra til beste forelesar ved Institutt for Biovitenskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Han er førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (UiO) og er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Bryn har leia fleire forskingsprosjekt om skoggrenser, klimaendringar og attgroing, mellom anna prosjektet Natur i endring. Han underviser mellom anna i økologiske og meteorologiske fag ved Universitetet i Oslo.

Inngang 100,-.

Earlier Event: January 17
En hyllest til sauen