Foredrag om vêr og klima

Allereie nå kan vi gle oss til torsdag kveld på fjellsenteret i september!

Meteorolog John Smits og seniorforskar Ketil Isaksen, båe frå Meteorologisk institutt, kjem til fjellsenteret.

John Smits er statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt. Han har jobba med varlsing av vêr og mykje anna i over 30 år, ved Meteorologisk institutt sine kontor i Bodø, Tromsø og Oslo og har presentert vêret på tv dei siste 17 åra. Smits liker å sjå moderne vêrvarlsing i eit historisk perspektiv, og krydrar gjerne med ei gamalt vêrteikn innimellom. Det får vi også høyre i foredraget. Ellers liker han å vera utandørs i skog og fjell, studere naturen, kjenne på vêret og slå av ein vêrprat med folk han møter.

Ketil Isaksen er seniorforskar ved Meteorologisk institutt. Han har jobba som klimaforskar ved Meteorologisk institutt sidan 2002. Han har si hovedinteresse mot forsking på permafrost og klima. Forskinga er mellom anna knytt til studier av jordtemperatur, permafrostutbreiing og klimautvikling i høgfjellet i Skandinavia og på Svalbard. Isaksen har både frå fritida si, studietid og forskarkarriere vore mykje i Jotunheimen, noko som også vil kome fram i foredraget.