Back to All Events

Sigrid Undset - konsertforedrag

I dette konsertforedraget tek musikaren Ida Rønshaugen oss med inn i Sigrid Undset si verd. Kven var Sigrid Undset? Og korleis levde ho livet sitt? Vi reiser til Roma der vi møter kunstnaren Jenny og hennar innfløkte kjærleiksliv. Ei forelska og fortvila Kristin Lavransdotter møter vi på Jørundgard i Sel. Med elektroniske lydlandskap og sin mjuke saksofonlyd skaper Ida ny musikk til Undset sitt liv og hennar karakterar, og dreg oss med inn i litteraturen sin mystikk og magien i musikken.

Ida Rønshaugen er saksofonist og komponist frå Harpefoss. Etter å ha levd som musikar med base i Oslo i elleve år, flytta ho i fjor attende til Harpefoss. Låtane hennar er ofte å høyre på NRK Jazz, og har også vorte spelt på mange andre radiokanalar både i Noreg og mellom anna i Chile, Spania og Mexico. Albuma The Blue and Wise Cats kom ut i 2013, og Storm kom i 2017. Båe vart godt mottekne og har fått strålande kritikkar frå anmeldarane.

Arrangementet er ein del av Lomsfest 2017. Sjå meir her!

Earlier Event: October 12
Therese Bertheau
Later Event: November 10
Lom skifestival