Sommarjobb ved Norsk fjellsenter og Klimapark 2469

Er du glad i naturen, fjellet, dei hardhause dyra og plantane som lev der og nysgjerrig på korleis klimaet endrar seg? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap vidare både i resepsjonen og utstillinga på Norsk fjellsenter og som guide i Klimapark 2469 og istunnelen. Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum, og er ein viktig innfallsport til fjellet og nasjonalparkane.  Klimapark 2469 ligg ved foten av Galdhøpiggen og er ei unik arena for å viareformidle klimaendringar og brearkeologi.  


Stillingar

  • Medarbeidarar/ guide på besøkssenter/ fjellmuseum/ vitensenter / butikk

  • Guide i Klimapark 2469

  • Det er aktuelt å arbeide båe plassane


Vi tilbyr

  • Spanande og lærerike arbeidsoppgåver både ute og inne

  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø

  • Opplæring i forkant av sesongen


kvalifikasjonar

  • Over 18 år

  • Evne til å formidle munnleg godt på norsk, engelsk og gjerne tysk

  • Bakgrunn frå og interesse for natur og friluftsliv

  • God evne til å jobbe sjølvstendig og saman med andre

  • God evne til å sjå dei besøkande og formidle god informasjon

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt, men er ikkje eit krav

  • Ønskeleg at du kan arbeide både ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469

  • Du må ha førarkort for personbil

For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Mai Bakken på telefon 61 21 16 00 eller e-post mai@norskfjellsenter.no.

Søknad med CV blir å sende innan 1. mars 2019 til Norsk Fjellmuseum, postboks 5, 2688 Lom, eller på epost til mai@norskfjellsenter.no.