Sommarjobb ved Norsk fjellsenter og Klimapark 2469

Er du glad i naturen, fjellet, dei hardhause dyra og plantane som lev der og nysgjerrig på korleis klimaet endrar alt? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap vidare både i resepsjonen og utstillinga på Norsk fjellsenter og som naturrettleiar i Klimapark 2469 og istunnelen. Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum, og er ein viktig innfallsport til fjellet og nasjonalparkane.  Klimapark 2469 ligg ved foten av Galdhøpiggen og er ei unik arena for å viareformidle klimaendringar og brearkeologi.

Meir om stillingane:


Stillingar

Medarbeidarar på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 med arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding i utstillinga og vitensenteret, butikksalg og som naturrettleiar.

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver knytt til besøkande på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469

  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø

  • Opplæring i forkant av sesongen

Kvalifikasjonar

 

  • Over 18 år

  • Evne til å formidle munnleg godt på norsk, engelsk og gjerne tysk

  • Bakgrunn frå og interesse for natur og friluftsliv

  • God evne til å jobbe sjølvstendig og saman med andre

  • God evne til å sjå dei besøkande og formidle god informasjon

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt, men er ikkje eit krav

  • Ønskeleg at du kan arbeide både ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469

  • Du må ha førarkort for personbil

For nærare opplysningar kontakt Mai Bakken på tlf: 97 18 04 69 / e-post mai@norskfjellsenter.no.

Søknad med CV sendes innan 1. mars 2019 til Norsk Fjellmuseum, postboks 5, 2688 Lom, eller på e-post til mai@norskfjellsenter.no.