Opplev Norsk fjellsenter

BERGTATT
Ny utstilling i 2018. Fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd. Friluftslivet frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter. Vêrrom med høgfjellet rett i fletta. Myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut: Bli BERGTATT i utstillinga som let deg oppleve høgdepunkta i fjellhistoria - alt på eitt fat.

FJELLVITEN OG VÊRROM
Lær om geologi og klima, sjå korleis vatnet kan forme landskapet - og besøk vêrrommet med skodde, lyn og torden!

BESØKSSENTER NASJONALPARK
Norsk fjellsenter er autorisert besøkssenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Hos oss får du tips om turar og dei gode turkarta. Og du, vi vil gjerne sjå glimt frå di turoppleving - bruk gjerne #norskfjellsenter!

BUTIKK OG KAFE
I butikken finn du bøker for store og små, suvenirar, mammutbamser, smykker og mykje anna. På kjølege dagar fyrer vi i peisen - kjøp deg ein kopp kaffe eller te og slå deg ned.