Guide Ingrid har arbeidd i klimaparken og på fjellsenteret i sommar, og har på fritida hatt mange fine fjellturar. Ho skriv at ho lengje har hatt lyst til å besøke ein av dei store toppane i Hurrungane - og endeleg fekk ho ønskjet sitt oppfylt.

Mitt sumarminne: Store Austanbottstind (2203) 

Endeleg gjekk turen til Hurrungane. Heilt sidan eg byrja å jobbe i Lom og Jotunheimen i mai har eg hatt lyst til å bestige ein av dei store toppane her. Det er ikkje mange dagar det har vore sol og fint vêr i dette området samstundes med at eg har hatt fri frå jobben.

Ein dag i slutten av august vakna vi til strålande sol på Turtagrø, pakka sekk med klatreutstyr og sette oss i bilen for å bestige Store Austanbottstind. Etter omlag ti minutt i bilen frå Turtagrø langs Tindevegen mot Årdal kjem du til startspunktet for stien.

Den fyrste delen av turen går du på fin stig, vidare over eit flatt, nesten svaliknande område før du byrjar på bratt stigning og ur opp til Vestre Austanbottstind. Siste del av turen opp til Store Austanbottstind er nydeleg og relativt enkel klatring. Her må ein bruke tau og sikring. Klatringa er utsett, men ikkje vanskeleg.

Turen er lang og ein burde kome seg av garde tidleg for å vera sikra dagsljos også på veg ned. Vi brukte om lag tolv timar, men vi hadde lange matpauser og bedageleg tempo på veg heim i solnedgang. På store delar av turen har du utsikt mot fjella i Sogn og Jotunheimen med kjempar som Store Ringstind og Store Skagastølstind.

Dette er utan tvil den finaste fjellturen eg har gått i Jotunheimen. Å nå toppen av ein av dei mest spektakulære toppane i Jotunheimen var ei stor oppleving og anbefalast for dei med klatrerfaring som ynskjer ein utfordrande tur.