Medarbeidar ved Norsk fjellsenter sommaren 2018

Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum, og er ein viktig innfallsport til fjellet og nasjonalparkane.  Vi søkjer medarbeidarar på Norsk fjellsenter sommaren 2018. Vi har nye utstillingar denne sommaren, i tillegg ynskjer vi å tilby dei besøkande ein fin butikk og enkel servering.

Meir om stillingane:


Stilling

Medarbeidar på Norsk fjellsenter med arbeidsoppgåver innan nasjonalparkinformasjon, turveiledning, museum, butikk og servering

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver knytt til besøkande på fjellsenteret og i museet
  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Opplæring i forkant av sesongen

Kvalifikasjonar

 

  • Evne til å formidle munnleg godt på norsk, engelsk og gjerne tysk
  • Bakgrunn frå og interesse for natur og friluftsliv
  • Erfaring frå butikk og servering
  • God evne til å jobbe sjølvstendig og saman med andre
  • God evne til å sjå dei besøkande og formidle god informasjon
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid blir vektlagt, men er ikkje eit krav

For nærare opplysningar kontakt Mai Bakken på tlf: 97 18 04 69 / e-post mai@norskfjellsenter.no. Meir info på www.norskfjellsenter.no og www.klimapark2469.no.

Søknad med CV sendes innan 3. april 2018 til Norsk Fjellmuseum, postboks 5, 2688 Lom, eller på e-post til mai@norskfjellsenter.no.

OGSÅ I KLIMAPARKEN HAR VI LEDIGE STILLINGAR I SOMMAR. SJÅ MEIR HER.