Ny utstilling - Reinheimen

Store og små, kjøttetande og planteetande, flygande, gåande og svømmande. Dette er berre nokre av dyra og fuglane du kan sjå på fjellsenteret i sommar. I andre etasje står utstillinga Reinheimen, med utstoppa dyr og fuglar. Her ser du elg og jerv, gaupe og ørn og mange andre dyr og fuglar.

Alle desse dyra og fuglane, bortsett frå jerven, er utstoppa av Jomar Torkveen. Samlinga si har han gjeve til fjellsenteret, noko vi er svært glade for.