Fleire spennande foredrag på fjellsenteret

16. februar kjem Jan Aasgaard, forfattar av boka Jotunheimen gjennom historien, til fjellsenteret med foredraget Fra Jotunheimens historie. Et kildekritisk blikk på utviklingstrekk i fjellområdet gjennom 1800-tallet: framveksten av høyfjellsturisme og etablering av turistbedrifter. Jan Aasgaard (f. 1953) er cand. mag. frå UiO med faga historie, musikk og sosialantropologi, og har over 30 års fartstid i Oslo-skulen som pedagog.

Dag Inge Bakke tek oss med til Kina 16. februar. I "Jakta på røtene til skikøyring" tek vi turen frå Lomseggen og Reinheimen og langt nord i Kina, til Altai-fjella. Her lever det framleis restar av ein kultur der jegerar jaktar med ski slik dei truleg har gjort i tusenvis av år. Dag Inge reiste saman med fleire til Altai i fjor vinter.

Hoppar vi til september kan vi allereie nå gle oss til besøk frå Meteorologisk institutt 21. september. Dei er ein viktig samarbeidspartnar i Klimapark 2469, og til fjellsenteret kjem meteorolog John Smits og seniorforskar Ketil Isaksen.

Følg med på nettsida og på Facebook i tida som kjem!