Gode besøkstal for fjellsenteret

- Det er inga tvil om at vi var spente og hadde store forventningar før årets sommarsesongen, seier dagleg leiar Mai Bakken. - Vi ønskte dei besøkande velkomne til eit heilt nytt publikumsareal i mai, og utviklinga av publikumsarealet vart gjort i stor grad for å bli meir tilgjengelege og attraktive for besøkande.

Vinteren 2015/2016 gjennomførte Norsk fjellsenter ei stor ombygging og utviding av publikumsarealet, og etter intensive månadar med planlegging og gjennomføring kunne fjellsenteret endeleg få på plass dei siste detaljene og opne dørene til ei heilt anna oppleving enn det som har møtt folk her dei sidan opninga på 90-talet.

- Den store fornyinga har ført til ei auke i besøkstalet som vi er særs nøgde med. Mot slutten av august hadde 25 000 besøkande vore innom. Gode besøkstal er bra, men vi er også glade for å sjå korleis folk bruker tilbodet vårt. Dei bruker gjerne lang tid her. Ser og handlar i butikken, får innspel og hjelp i skranken, tittar på bøkene i biblioteket og set seg ned rundt eldstaden med ein kopp kaffe, fortel Mai. - Utover ettersommaren og hausten har vi også hatt godt besøk av grupper og skuleklasser, både på fjellsenteret og i klimaparken.

Infotorget utandørs, med skjermar, informasjon og film, er mykje brukt. Ikkje berre i opningstida, men også etter stengetid - og det er nettopp det som har vore målet med infotorget - å ha eit informasjonstilbod også utanom opningstidene.

Ut over hausten vil fjellsenteret ha arrangement på kveldstid ein gong i månaden, eit program vi håper vil trekkjer både lokale og tilreisande. Vi gler oss til å prøve ut dette, og annonserer programmet når det er klart.

- Fjellsenteret held ope til 9. oktober, men etter dette opnar vi fortsatt for grupper og andre som vil ta turen innom. Det er berre å ta kontakt med oss! seier Mai.