Torsdag kveld på fjellsenteret

Tre torsdagskveldar framover blir det kveldsarrangement på fjellsenteret. Vi håper du finn noko som fristar - velkomen til fjellsenteret i haust!

Fotokveld med Ulf Ryen 13. oktober

Ulf Ryen har mange år bak seg til fjells og i klatretau i heimfjell og utland. 13. oktober klokka 19.30 kjem han til fjellsenteret med fine bilde og gode historier!
Vi opnar dørene klokka 19. Inngang 50,-.

 Fotokveld med Ulf Ryen 13. oktober.

Fotokveld med Ulf Ryen 13. oktober.

Lom skifestival 11.-13. november

Er det lengje sidan du har smakt på snøen? Det kan nok hende, for det er jo ei stund sidan våren var her med sol og høgfjell og ski. Da er det bra at seinhausten nærmar seg! Start skisesongen på Sognefjellet med Lom skifestival, haustsnø og novemberljos 11.-13. november. På www.lomskifestival.no finn du program og lenke til festivalpass.

 Lom skifestival 11.-13. november.

Lom skifestival 11.-13. november.

Ølsmaking med Lom bryggeri 17. november

Ut i november nærmar det seg jul og ølbrygging for mange. Bli inspirert av Lom bryggeri og Hans Olav Bråtå på fjellsenteret 17. november klokka 19.30! Lom bryggeri lagar øl basert på lokale ingrediensar, og har ei målsetting om å skape eit ølspekter med så stor lokal tilknyting som mogleg. Distriktet vårt har lange tradisjonar knytt il brygging av øl, og Lom bryggeri tek dette vidare mellom anna i Høgruteølet, Raudt og Eine. Denne kvelden kjem også forskar ved Østlandsforskning og ølentusiast Hans Olav Bråtå. Han bidreg med historie og forsking kring ølbrygging i norske fjellbygder.
Dørene opnar klokka 19. Inngang 150,-.

 Ølsmaking med Lom bryggeri 17. november.

Ølsmaking med Lom bryggeri 17. november.

Klimaendringar og isbrear 15. desember

”Der ligger et land mot den evige sne”, heiter det i fedrelandssongen med tekst av Bjørnstjerne Bjørnson og melodi av Rikard Nordraak. Men er snøen og isbreane ’evige’, har dei eksistert kontinuerleg sidan siste istid? Atle Nesje er professor og klimaformidlar frå Universitetet i Bergen/ Bjerknessenteret for klimaforsking, som mellom anna er ein av samarbeidsaktørane i Klimapark 2469. 15. desember kjem han fjellsenteret for å snakke om klima og korleis vi ser klimaendringane på breane.
Vi opnar klokka 19. Inngang 50,-.

 Klimaendringar og brear 15. desember.

Klimaendringar og brear 15. desember.