Rundtur i Liafjellet om Sterringhøe og Skaihøe

Reinheimen, nord for Ottaelva, byr på mange fine turmoglegheiter. Her er terrenget delvis «mjukt» og godt, og utsikta god. Avstandane kan bli store i dette fjellområdet, men i sørenden av denne nasjonalparken finn oss Liafjellet, som har lett adkomst.

Passar for: alle.
Sesong: alle.
Distanse: rundløypa som vist på kartet er rundt 14 km lang.
Høgdeforskjell: 950 moh ->1590 moh = 640 høgdemeter.
idsbruk: dagstur.

Ein tur eg likar svært godt her, er ein rundtur frå Liasætrane. Til Liasætre kjem du heile året med bil nå. Det er skilta avkøyring i Søre Lia, ved Bargaugen austafor Nyrnes. Eit stykke før du kjem til Liasætrane, blir dette bomveg. På Liasætrane er det grei parkering.

Oppe på Liasætrane er du på rundt 950 moh. I vestenden av sætrane, kjem det ned ei lita grov som heiter Nørdre Grøna. Langsetter denne går det ein god stig oppover mot Rundhaugane. Ved Rundhaugane står det open ei lita bu, som er fin å bruke som nistestopp. Denne ligg på 1325 moh. Ein triveleg plass i god solhelling, med nydeleg utsikt inn i Jotunheimen. Turen vidare går i nordaustleg retning til Sterringhøe på 1539 moh. Her får du fin utsikt ned i Finndalen og nord inn i villreinens rike, fjellpartiet mellom Finndalen og Lordalen/Lesja.

Forset så viare aust-søraustover mot Skaihøe, som er dagens andre topp. Du ser denne godt heile turen, og ruta seier seg sjølv. Skaihøe har ingen dårlegare utsikt enn Sterringhøe. Du ser vidt og fint! Skaihøe er også ein grensetopp mellom Lom i vest og Vågå i aust.

For å få ein rundtur av dette, så kan du sleppe deg ned sørafor Skurvehøe, og så vidare sørvest til Liasætrane att.

På sommarstid er dette ein tur i beiteland til ku og sau. På vinter og spesielt vår, er dette eit beiteland for villreinen. Ein skal da vera særs varsom, for ikkje å stresse dyra. Her bør ein absolutt ha hunden i bånd heile året!

Tekst og foto: Kjell Nyøygard/ www.fjellforer.blogspot.no