Skuleopplegg på Norsk fjellsenter

Ta kontakt med oss på post@norskfjellsenter.no eller telefon 61 21 16 00 for informasjon om eller bestilling av skuleopplegg hjå oss.
Følg denne lenka for å lese om alle skuleopplegga som Gudbrandsdalsmusea tilbyr i skuleåret 2017-2018.

Opplegg etter læreplanar

Vi ønskjer å formidle historie på ein praktisk måte, spennande og lærerik. Skuleopplegga for grunnskulen er tilpassa læreplanane for dei ulike klassetrinna og faga, og kan difor inngå i den ordinære undervisninga. På fleire av opplegga samarbeider vi med andre relevante aktørar, som SNO og fjellstyre.

kostnadar

Opplegga på museet eller på skulane er utan kostnadar for skulane, men kostnadar knytt til eventuell busstransport må skulane sjølve dekke. Dette gjeld ikkje for Barske glæder, der skulen får dekt reise. For opplegg i Klimapark 2469 gjeld eigne prisar.

Reisestøtte

Skulane kan søkje om reisestøtte frå Oppland fylkeskommune. Her kan lesa meir om denne ordninga - der finn du også skjemaet for reisestøtte som må brukast, nedst på sida.

Vi tilbyr desse skuleopplegga:

Barske glæder For 5. steg i Vågå, Lom og Skjåk Tema for opplegget er det enkle friluftslivet, naturmangfald og nasjonalparkar. Vi prøver livet i ein lavvo og lærer om samspelet mellom menneske og dyr i naturen. Ute tenner vi bål og prøver oss på ei sanseløype. 

Barske glæder

For 5. steg i Vågå, Lom og Skjåk
Tema for opplegget er det enkle friluftslivet, naturmangfald og nasjonalparkar. Vi prøver livet i ein lavvo og lærer om samspelet mellom menneske og dyr i naturen. Ute tenner vi bål og prøver oss på ei sanseløype. 

reinen som læremeister For 6. steg Turen går til klimaparken ved Juvasshytta der elevane lærer meir om samspelet mellom klima, natur og menneske i eit langtidsperspektiv. I vårt område er det isbrear, fonner, permafrost, høgfjellsflora, reinsdyr, spesiell geologi og spor frå fortida. Reinen har gjennom fleire tusen år vore den viktigaste næringsressursen i fjellet, men den blir påverka av menneskeleg aktivitet og er avhengig av store og varierte villmarksområde for å kunne leva godt. 

reinen som læremeister

For 6. steg
Turen går til klimaparken ved Juvasshytta der elevane lærer meir om samspelet mellom klima, natur og menneske i eit langtidsperspektiv. I vårt område er det isbrear, fonner, permafrost, høgfjellsflora, reinsdyr, spesiell geologi og spor frå fortida. Reinen har gjennom fleire tusen år vore den viktigaste næringsressursen i fjellet, men den blir påverka av menneskeleg aktivitet og er avhengig av store og varierte villmarksområde for å kunne leva godt. 

Tur til klimapark 2469 For 9. steg i Vågå, Lom og Skjåk Ta med elevane til ein guida tur i Klimapark 2469 på Juvflye ved Galdhøpiggen og Juvasshytta. På turen gjennom klimaparken er elevane innom eit stort spenn naturgeografiske emne, som geologi, klima, dyre- og planteliv, fangsthistorie og arkeologi. Turen går utandørs langs tilrettelagt gangbane, før turen blir avslutta inne i istunnelen i Juvfonne. Les meir her om Klimapark 2469.

Tur til klimapark 2469

For 9. steg i Vågå, Lom og Skjåk
Ta med elevane til ein guida tur i Klimapark 2469 på Juvflye ved Galdhøpiggen og Juvasshytta. På turen gjennom klimaparken er elevane innom eit stort spenn naturgeografiske emne, som geologi, klima, dyre- og planteliv, fangsthistorie og arkeologi. Turen går utandørs langs tilrettelagt gangbane, før turen blir avslutta inne i istunnelen i Juvfonne. Les meir her om Klimapark 2469.

barnas naturoppsyn For 6. og 7. steg Eit undervisningsopplegg om nasjonalparken og verneverdiane. Klassa har på førehand vald seg ut ein nøkkelart som dei skal utforske nærare. Elevane reiser til nasjonalparken og har ein skuledag med fokus på innhenting av informasjon. Elevane vil med utgangspunkt i denne dagen løyse oppgåver knytt til arten dei har vald. 

barnas naturoppsyn

For 6. og 7. steg
Eit undervisningsopplegg om nasjonalparken og verneverdiane. Klassa har på førehand vald seg ut ein nøkkelart som dei skal utforske nærare. Elevane reiser til nasjonalparken og har ein skuledag med fokus på innhenting av informasjon. Elevane vil med utgangspunkt i denne dagen løyse oppgåver knytt til arten dei har vald. 

arkeolog for ein dag For 1.-4. steg Arkeologisett med replikaergraves ned innafor eit oppmerka område i ei sandkasse. Elevane lærar om kva ein arkeolog er og korleis de jobbar. Kva finn dei i jorda og korleis tek ein vare på det ein finn. Ungane får prøve seg som arkeologar og må jobbe analytisk med å beskrive, teikne og måle opp det dei finn i registreringsskjemaer. Fokus på jernalder. 

arkeolog for ein dag

For 1.-4. steg
Arkeologisett med replikaergraves ned innafor eit oppmerka område i ei sandkasse. Elevane lærar om kva ein arkeolog er og korleis de jobbar. Kva finn dei i jorda og korleis tek ein vare på det ein finn. Ungane får prøve seg som arkeologar og må jobbe analytisk med å beskrive, teikne og måle opp det dei finn i registreringsskjemaer. Fokus på jernalder. 

Andre grupper? Ønskjer du opplegg tilpassa andre grupper? Ta kontakt med oss!

Andre grupper?

Ønskjer du opplegg tilpassa andre grupper? Ta kontakt med oss!