Loftet

Loftet, den ruvande kjempa som avsluttar tinderekka som går nordover frå Smørstabbtindane, er etter mitt syn den finaste skitoppen i Jotunheimen. Dette fordi toppen og turen kan gjennomførast sjøl om du ikkje har dei aller største skiferdigheitane, altså for folk flest.

Lengde: Omlag 13 km tur/retur.
Høgdeforskjell: 1250 høgdemeter.
Utstyr: Fjellski, randonne, brett.
id: 3-4 timar opp. Kor lenge du brukar ned, bestemmer du sjølv!

Den normale vinterbommen over Sognefjellet, er ved Vegasjelet i Leirlia i Leirdalen. Det er der du tek av inn til Leirvassbu. Her er du på 920 moh, og det er snaue 2 kilometer opp til Øvre Halsatjønn som ligg 100 meter høgare. Ein fin og roleg start på turen, med andre ord. Denne etappa går etter Sognefjellsvegen.

Vel oppe på Øvre Halsatjønn, tek du av vegenog peilar deg inn på Langranden. Dette er ryggen som kjem ned nord for Veslloftet. Normal skirute her, er litt sikk-sakk like til venstre for ryggen, for så å skrå inn til høgre på toppen av ryggen. Deretter kjem det ei lita skråbratte når ein traverserar fonna innunder Veslloftet og inn mot flatare lende, på vel 1300 moh. Nå er det eit litt flatt parti på vel 500 meter, før dagens brattaste parti kjem, nemleg opp brattfonna sørvest for Veslloftet. Vel opp denne, så er du på underkant av 1600 moh, og terrenget flatar ut litt. Nå ser du endeleg resten av ruta du skal gå for dagen. Ruta går i sørleg retning, før du etter kvart vrir deg meire sørvestover. Stigninga er jamt bratt, men når du kjem opp på rundt 2100 moh, så flatar toppen noko ut, og du ruslar vidare til varden nesten på flat mark.

Utsikta frå toppen er heilt fantastisk. Du ser sørover tindane i Smørstabb-massivet heilt bakover til Fanaråken og Hurrungane, og du ser dei mektige stortoppane i Ymelsfjellet, som er det gamle namnet på fjellpartiet mellom Leirdalen og Visdalen. Snur du deg nordover, så strekker Breheimen seg ut i all sin prakt, med Hestbrepiggane som eit kjent massiv. Denne turen kan enkelt stykkast opp i tre enkelturar, om du føler for det. Den eine er toppen av Langranden, den andre er Veslloftet, og den siste er Loftet. Tre enkelståande turar, som alle gjev frisk luft, mosjon og nydeleg utsikt.

Eg brukar alltid seia at Loftet er ein tur for finværsdagar. Med eit stort flatt toppunkt, med stup utover på vestsida, og stupbratt sør- og vestside, som ein absolutt ikkje må rote seg ut i, er ikkje dette nokon topp for ruskeværsdagar. Her må ein ha sikt for å orientere seg trygt, så enkelt er det!

Obs: Ligg unna langfonna til venstre for Langranden, innunder Veslloftet. Ofte vindherja og skavlete snø på toppen. Ved dårleg sikt; ta ein annan tur!

GOD TUR!

Tekst og foto: Kjell Nyøygard/ www.fjellforer.blogspot.no