Reis til fjells med Fyrst & Fremst

Norsk fjellsenter samarbeider med guidefirmaet Fyrst og Fremst som tek deg med inn i naturen, opp i fjella. Du kan melde deg på dei faste turane her på fjellsenteret. Brevandring og grotteturar går faste dagar i veka med påmelding innan klokka 18 dagen før.
Du kan også kontakte Iver på post@fyrstogfremst.no eller
936 61 118. 

Fyrst og Fremst legg også til rette for opplevingar for familiar og grupper etter avtale.

Følg med for 2017-programmet!

Frå Sokse mot Hurrungane.JPG
"Ein topp kan ofte vera målet og motivasjon for turen, men det er undervegs at ein kan få lagt opp til dei gode opplevingane. Det kan vera å gjera deltakarane merksame på alt ein har rundt seg i naturen, og ikkje berre toppen ein ser der framme. Gjennom ein nær relasjon med trygge og pedagogiske rammer, legg Fyrst og Fremst opp til å gje kundane storslåtte fjellopplevingar."
Iver Lund Aakre, Fyrst og Fremst