GAldhøe (2283), 2000-metring også for ungar

Dag Inge Bakke er naturveileder i Klimapark 2469 og fjellkar med eit utal dagar til fjells året rundt. I sommarsesongen har han mange arbeidsdagar i klimaparken, som i vest er flankert av Galdhøe. 

Slik skildrar Dag Inge turen til Galdhøe:

Galdhøe med sine 2283 moh. er eit stort og ruvande fjell der det tronar ut mot Bøverdalen med over 1700 meter høgdeforskjel frå dalbotn og opp til toppen, likevel er dette utvilsamt Noreg sin enklast tilgjengelege 2000 meterstopp! Med bilveg opp til Juvasshytta og med Galdhøpiggen sommarskisenter som kan trekke deg nesten til topps, blir det nesten litt for lett… Kanskje er det nettopp det som også er årsaken til at Galdhøe ikkje er spesielt mykje besøkt? Dei som står på ski, held seg helst på breen og snøen, og dei aller fleste som tar turen opp til Juvasshytta har "Piggen" innafor Galdhøe som sitt store mål. 

Frå Juvasshytta er det tilrettelagt gangveg bort til Juvfonne, kombiner gjerne turen med ein guida tur i Klimapark 2469 og eit besøk i istunnelen. Så lenge det ligg fast fin sommarsnø, og det ikkje er isete, så er Juvfonne fin å fylgje heilt opp. Her tar du 300 høgdemeter i ein jafs, men til gjengjeld er du da også nesten heilt oppe der det flater ut inne på høa. Hugs å halde godt inne på trygg steingrunn her, da det ligg ei skummel hengefonn ut mot Kjelen. Galdhøe er som sagt eit stort fjell, og topplatået strekker seg vidt innover. Ei lita høgde rett innafor Kjelen, som gjerne blir kalla Kjelhøe (2223 moh.), kan vera eit endeleg mål. Eller ein kan fylgje ryggen vidare innover mot sørvest, heilt ut på høgste punktet der ein får orkesterplass mot  "storebror" Galdhøpiggen. Retur kan enkelt gjerast på sørsida av Vesljuvbreen, i utkanten av skitraseen, og med eit lite rumpeakebrett i ryggsekken, kan dette gå leikande lett!

Galdhøe kan by på ein formidabel utsikt om vêret spelar på lag. Her ser ein rett inn i den høgste delen av Jotunheimen, og med sine brear, kvasse eggar er dette eit vilt og vakkert område. I nord ser ein utover Bøverdalen og mot fjella i Breheimen nasjonalpark, og enda til heilt mot Dovrefjell. 

Galdhøe er ein relativt lett tur. Om ein nøyer seg med turen kring Kjelen om toppen på 2223 moh. så er dette ein tur på knappe 400 høgdemeter og omlag seks kilometer gange. Snøforholda er sjølvsagt med å bestemmer ein del, og ein må forsere litt stein og blokkmark, men alt i alt er det ein enkel og flott topptur. Dette er òg ein topp som kan egne seg godt for barn, spesielt da ein har moglegheit til å ake ned igjen. Hugs at det er ein tur i høgfjellet og over snø og slaps, så gode klede og riktig fottøy er viktig. Ha også i minne at snøfonnene stort sett ender opp i stein, så tenk alltid på tryggleik!