Opplev fjellsenteret

IMG_0579.JPG

Besøkssenter nasjonalpark

Her får du informasjon, tips og råd om fjellområda og turar i fjellet. Vi er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen og har god kunnskap om nasjonalparkane og aktivitetar i fjellområda. Kjøp kart og få detaljer om turar i området hjå oss. Dette er våre turtips!

Utstilling.jpg

utstillingar

Reinheimen. Opplev livet i Reinheimen nasjonalpark på nært hald i denne store samlinga av utstoppa fuglar og dyr.

Over isen. Sjå dei brearkeologiske funna gjort i fjellområda rundt oss på fjellmuseet. Over isen syner historia om mennesket sin ferdsel i fjellet i førhistorisk tid, med funna frå Lendbreen i Breheimen som utgangspunkt. I 2018 opnar vi ny hovudutstilling.

Den norske turistforening - naturopplevingar i (snart) 100 år.
I 2018 er det 150 år sidan DNT vart etablert. Det ønskjer fjellsenteret å sette ljos på, og i utstillinga finn ein mellom anna foto frå turistforeninga si historie. DNT var ein av stiftarane da Norsk Fjellmuseum vart etablert, og fjellmuseet har også samlingar knytt til DNT si historie.

Dyr.jpg

Fjellsenteret for familiar

Ta turen til fjellsenteret saman med familien. I hula finn du kanskje Storebjørn på stjernehimmelen. Bli kjend i området på interaktivt kart. Sit ved peisen og sjå i barnebøker eller lag ei teikning frå fjellet. Vi tipsar gjerne om turar som er egna for barnefamiliar!