Back to All Events

Tur til vikinggrava under Læshøe

På ein kolle omgjeve av myr, i fjellet rett ovanfor Lom sentrum, vart ein mann gravlagt for om lag 1100 år sidan. Det var tilfeldig at Reidar Øyjordet frå Lom på ein tur i 1984 fekk auge på eit sverd som stakk opp frå bakken. Sverdet viste seg å vere ein del av ei vikinggrav. Fjellvikingen fekk med seg eit tviegga sverd, ei øks, ein spjutspiss, ein kniv, ei fil, ei sølje og tolv pilspissar i grava. Gravfunnet inngår i den nye utstillinga på fjellsenteret. 

Bli med Reidar Marstein (kjendmann) og Ola Rossehaug (barnebarn av Reidar Øyjordet) på tur til vikinggrava. Det blir kaffe, bål og gode historier. Frammøte på Norsk fjellsenter.

Earlier Event: June 16
Utstillingsopning: Bergtatt