Back to All Events

Utstillingsopning: Bergtatt

Fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd. Friluftslivet frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter. Vêrrom med høgfjellet rett i fletta. Myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut: Bli BERGTATT i utstillinga som let deg oppleve høgdepunkta i fjellhistoria på eitt fat. Tre i Norge har alt slått leir i Norsk fjellmuseum – tek du turen innom?

PROGRAM FOR DAGEN

13.00 Velkomen til opning av utstillinga Bergtatt v/ Mai Bakken.
13.15 Presentasjon av utstillinga v/ prosjektleiar Thea G. Dalen.
13.30 Tingingsverket Bergtatt, konsert med Aslak Brimi og Mari Midtli og strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet.
14.00 Helsingar.
14.20 Mat og prat.
15.00 Offisiell opning av Bergtatt v/ klima- og miljøminister Ola Elvestuen og fylkesordførar Even Aleksander Hagen.
18.00 Festforestilling med musikarar og artistar frå heile Oppland. Aslak Brimi er kunstnarisk ansvarleg. Symfoniorkesteret Sinfonetta Innlandet, Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegaard, Bjørn Kåre Odde, Mari Midtli, Reidar Svare, Astrid Sulheim og fleire deltek.

VI ØNSKJER ALLE VELKOMEN TIL FJELLSENTERET DENNE DAGEN!