Back to All Events

Humlene i fjellet - natur på sitt mest ekstreme

Naturfagtime på Norsk fjellsenter med ein ekte "professor Humlesnurr".

Tor Bollingmo er biolog og formidlar i naturhistorie, og ekspert på humler, bier, blomsterfluer og sommerfuglar. Han har skrive felthandboka "Norges humler" og driv nettstaden Humleskolen og NTNUs skuleprosjekt Humlebuzz. 

Folk flest blir stadig meir interessert i humler og andre insekt, fordi det går dårleg med dei over store deler av verda - også i Noreg. Hvis vi skal hjelpe dei til å overleve, treng vi meir kunnskap. Denne kvelden får vi kunnskap om korleis dei fantastiske humlene overlever under ekstreme forhold i Noreg, og korleis vi kan bidra til at dei klarer seg betre.

Arrangør er Fjellmuseets venner.

Earlier Event: January 31
Skredkveld med NVE
Later Event: April 3
Medarbeidar på fjellsenteret?