Back to All Events

Skredkveld med NVE

NORSK FJELLSENTER, GJENDEGUIDEN og NVE SNØSKREDVARSLINGA inviterer til SKREDKVELD

Vi har ein god gammaldags snøvinter i Ottadalen og Jotunheimen, og det er stor skiaktivitet både under og over tregrensa. Har du oversikt på snødekket der du går? Kva informasjon kan vi få av snøen, veret og terrenget vi nyttar? Blir du skremt av korleis media omtalar skred og skredfare? Vi ynskjer ikkje skremme deg, men heller gje deg gode haldningar og verkty for å planlegge og gjennomføre trygge turar i vinterfjellet. 

Marit Svarstad Andresen frå NVE Snøskredvarslinga vil fortelje om varsom.no, snøskredskulen og regobs. Marit har vore lærar i friluftslivsfag på Høgskulen i Sogndal, ho er godkjend tindevegleder, og vil dele nokre viktige erfaringar frå arbeidet som fjellførar. 
Ørjan frå GJENDEGUIDEN og Dag Inge frå NORSK FJELLSENTER vil prate om kameratredning, kompiskjøring og jakta på den trygge skikjøringa.

Redningsmann Christen Tellefsen og resten av NLA sitt crew på Dombås har meldt sin ankomst dersom dei er ledige, og dei har alltid konkrete og enkle råd til oss som likar vinterfjellet! 

LAST GJERNE NED

NB! Har du ikkje applikasjonane varsom og regobs på telefonen din kan du laste ned desse og ta ein kikk på førehand. Da vil du få enda større utbytte av kvelden. 

Velkomen til vinterens viktigaste temakveld!

Inngang 50,- inkl kaffe og biteti.

Earlier Event: November 10
Lom skifestival